Da fyrer jeg opp årets første novelle på bloggen her, hei og hå! Jeg laget meg nemlig et nyttårsforsett om å skrive 10 noveller i løpet av 2010 og siden jeg er en mann av ståldisiplin, så er det gode sannsynlighetsprosenter for at prosjektet går i boks. Ja, jo, denne ble tross alt skrevet i 2009 og i sammenheng med skole snarere enn lidenskap, men det er en begynnelse. For svarte. Og den er på nynorsk, så jeg beklager ærbødigst overfor 60 % av norges befolkning. Jeg tar ikke bare forbehold om eventuelle feil, men garanterer en rekke av dem. Rett meg veldig gjerne.
(Tittelen er forresten ikke min, men fra et punkt i et snurrig dikt av en underlig forfatter).

”Å drepe eit menneskje er noko anna enn å ta livet av vedkommande” sa skuggen. ”Kva meinar du?” stotra mennesket. ”Du er ein del av røyndommen min og eg tek deg vekk”
”Skal eg ikkje få lov til å ha kontroll over mitt eiga liv?”
Eg gjekk forbi ho kvar bidige dag, ho med anorakk og perlemunn. Ein tilsynelatande distingvert dame låg og ulma bak arbeidarklasseutsjånaden, kvifor elles ville augevippane hennar vere så velstelte og tala så velartikulert? Eg undra kvifor ho strakk seg så langt for å gå i eitt med bygda, her finst jo noko å vere riktig kry av! Eg undra og undra kvar bidige dag, og eg tenkte tilmed på kvar i terrenget ho stod innvandringspolitisk. Denne kvinna er sikkert av den fatninga at menneskje som søker asyl her i Noreg først og fremst skal integrerast. Eg spør ho i hovudet mitt om ikkje dette er uvørdent sort og kvitt, og joda, svarer ho, eg meiner sjølvsagt at dei skal få halde på essensielle trekk ved kulturen sin og moglegheita til å praktisere denne på eiga hald, så lenge han ikkje er på kant med norsk lov eller på noko som helst vis går utover etablerte normer. I dag er ein regnfull dag med stålgrå himmel og kulda bit meg hissig på dei mest utsette punkta. Nokre kråker hostar i trea og lyden av bygningsarbeidarar høyrast i det fjerne. Dei har ein snittlønn på 320 000 kroner i året (bygningsarbeidarane, altså).
Irrelevant. Denne dama har eg vandra forbi i tre – fire år og eg kan ikkje unngå å kjenne at det er nødvendig. Det er noko fortrolig som oppstår når blikka våre møtast. Som om ho veit kva eg tenkjer, at eg veit at ho veit kva eg tenkjer og at vi begge skremmast av tanken. Tankane blir mørkare og mørkare og innan vi begge når det respektive arbeidet vårt er dagen prega av irritasjon og frustrasjon og folk som glefser. Min overordna glefser til meg, eg glefsar til mine underordna, mine underordna glefser til deira venner og deira venner tafser på kjærastane til mine underordna (den einaste som slipp unna sirkelen er min overordna, men han er heldigvis generelt misfornøgd frå før av).
Denne dama kan ikkje fortsette å vandre forbi meg, tenkjer eg, no må det settast i sving tiltak. Det næraste eg har vert å komme i kontakt med ho er da eg lytta til ein telefonsamtale som ho leda på Kristi himmelfarts, og når vi begge som vanleg var på veg til våre eiga ærend. Det er berre flott, det, sa kvinna til samtalepartnaren sin, han har vasa rundt i den emosjonelle djupgrøfta si lenge nok. La no guten leve litt! Eg blei faktisk litt inspirert i nokre raske sekundar, før kvardagslivet atter innhenta meg. Ein dag oppnår vi augekontakt, ein anna dag ikkje.
Det er ein slåande konformitet som pregar forholdet vårt; eit forhold som ikkje eksisterar for nokon av oss, men som fyller lufta fem dagar i uka, frå klokka 08:30:00 til 08:30:11. På sommartid bruker ho flagrande kjolar som fønvindane leiker og nappar i med opphissa tak og i vinterhalvåret er jammen meg nordavinden på gong med kvinna sitt skjerf. Det er eit triveleg skode å sjå ein rekke sprengkåte luftstrømmar ta for seg – eg er så sannelig ingen poet, men slikt kan bli rein poesi med dei rette orda. Det er også mystikk i dette her, og det frustrerer meg: det har blitt ein kileforma kjerne av mørker som er vanskeleg å lirke laus. Først var det umerkbart, så blei det morosamt, så blei det merkeleg og deretter ergrande.
I dag skjedde det tvert om noko som brøyt med den tre til fire år lange strenga av røyndom og reiv den resolutt over på midten.
”Hei!”
Eg stoppa opp, overraska. ”God morgon, du”. Kva er det du driv med kvinne, no riv du ned veggar, no riv du ned veggar for svarte!
”Dette høyrest kanskje litt rart ut” byrja kvinna, ”for det er jo rart – men er du interessert i å ta ein kopp kaffi med meg?”.
Eit sted langt borte i kosmos kryssa to vakre stjerner same veg og kolliderte i ein fyrig eksplosjon. Sjølv om ein heil rekke tankar pilte fram og tilbake i hovudet mitt for augeblinken, greidde eg likevel å svare med roleg og normal fatning:
”Vi har kryssa vei i fleire år no, bokstavelig talt. Ja, kvifor ikkje?”
Eg smilte, men smilet var falskt. Dama smilte også, men kva veit eg om hennar smil var meir ekte enn mitt. Eg hadde ei kjensle av å stå på kanten av ei klippe over ein botnlaus avgrunn fylt med mørke og at kvinna no gjorde alt ho kunne for å dytte meg utfor.
Vi spaserte i retning ein liten kafé og kvinna snakka ivrig om entusiasmen sin rundt kaffi, som ettersigelig hadde oppstått då ho smakte ”ein særdeles nydeleg” Espresso i middelhavslandet Italia.
”Jøss”
”Men eg har enda ikkje blitt så raffinert at eg unngår ordet kaffi”, sa ho og lo. Nei, det får da faen meg vere grenser!, tenkte eg. Det lirka litt i det fastkilte mørket dypt der inne.
Når eg blei fødd sa mor at sjukehuset vart stille som ein grav. Det fants ingenting som overraska deg, sa ho, og i fall du ikkje likte det du såg, så avfann du deg med det. Mor mi stemte KrF. Eg undrar på kva parti denne kvinna setter sin lit til. Eg veit allreie at ho leiar streng asylpolitisk opinion, så det ville ikkje overraska meg om ho stemple setelen sin FrP. Sjølv er eg av det inntrykk at Jens gjer ein praktfull jobb og meiner at den raudgrøne regjeringa kan fortsette i lang tid framover. Men nedprioriteringa av biodiesel er ein kortsynt avgjerd, Jens!
”Eg tenkjer støtt koselige tankar når eg sitt på denne kafeen” sa ho fjernt og smilte åt eit flytende punkt i lufta.
Medan vi satt oss ned på dei kvite funkisstolane møtte blikka våre i nokre sekundar, slik dei til ein sjeldsynt tid hadde møtst langs vegen. Ho hadde isblå krystall rundt ein ravnsort iris. Eg hadde ikkje lagt merke til detaljen tidligare og blei temporært blank. No. Hadde eg kasta meg over ho og brukt nøkkelknippet mitt til å sprette ut begge auga hennar, og deretter smelta eit to cm tykt lag med glas rundt dei – individuelt – ville eg herse ta meg vore eigar av to praktfulle smykke. Kvinna endra fokus og glana plutseleg bakom meg.
”To kaffi latté, Ingrid! Du like kaffi latté, sant?”
”Ja! Ja. Det er sant å seie ein personleg favoritt.”
Eg veit da faen kva for kaffi ein ”latté” er, men dette var mystisk. Kvifor har denne kvinna velje å snakke til meg no, etter snart fire år med… ingenting. Vi har passert kvar annen på gata, ikkje meir. Kvinna vinka til servitrisa som forlét lokale. To rykande koppar med kaffi kvilte på disken og først no merka eg at kafeteria var tom. Eit vakuum med unntak av oss to. Lite pågang så tidleg på dagen, tenkte eg, til og med dei tilsette er vekke.
”Kva driv du på med?” spurte eg.
Kvinna sto att med døra og vrei om låsen.
”Eg driver denne kafeteria, veit du. Vi er ikkje opna enda.”
Ho smilte.
Eg sa ikkje noko meir om den saka, men begynte å tenkje. Denne kvinna har eg vandra forbi i snart fire år og ho arbeider i ein kafeteria. Eg har vandra mot sentrum og ho har vandra mot busstasjonen. Eg glana ut av vindauget på ein by som livna til, lik eit søvnig dyr.
”Kvifor har du gått forbi meg i så lang tid viss du arbeider her i byen?” sa eg, litt irritert. I det eg knytte nevane mine kjentes ein skarp smerte gjennom kroppen og lyden av 82 kilo kjøtt mot eikeparkett ljoma gjennom rommet.
”Å drepe eit menneskje er noko anna enn å ta livet av vedkommande” sa kvinna. ”Kva meinar du?” stotra eg. ”Du er ein del av røyndommen min og eg tek deg vekk”
”Skal eg ikkje få lov til å ha kontroll over mitt eiga liv?”
Ein kileforma kjerne av mørker blei lirka ut av plassen sin som ein bit av glas frå eit fotblad.
”Eg stemme SV” la ho til.
Alt blei tjukt som sirup og blendande kvitt.
-
No har eg vandra forbi denne kvinna på same plass i fem veker. Eg myse på jakkemerket hennar: ”Ulike menneske. Like moglegheiter.” For noe sprøyt. Eg vil ha full omvelting og regjeringsskifte.
EDIT: Til orientering fikk jeg karakteren 4 på denne. Trekk for en hel del småfeil i språket og kritikk for kryptisk budskap (evt. mangel på det). Berettiget! Selv om den i bunn og grunn bare handler om at denne damen har dedikert livet sitt til å drepe tilfeldig forbipasserende menn.